Evenementen zoeken

For berre 690 kr får du fri tilgang til alle festivalens arrangement. Det er eit smart val!

Opningsforestillinga byr på eit breidt tilbod av musikk, litteratur, korsong, opningstale, prolog av poeten og forfattaren Stig Holmås, samt ei nyskapande framføring av John Lennons udøyelege Working Class Hero framført på hardingfele av Lady Albatross.

100 år med klassekamp, sinkproduksjon og miljøkamp på Eitrheimsneset

Forfattar Monica Goksøyr, i samtale med Sofie Marhaug om novellesamlinga hennar SLEMME JENTER

Historisk-politisk-poetisk vandring på det nedlagte Odda Smelteverk

Leif Høghaug les heile (eller nesten heile) det nyskapande skaldekvadet JONAS GAHR STØRE

Forfattar Kari Saanum og illustratør og barnebokforfattar Signe Torp om korleis det var å vera barn i arbeidarklassen i Kristiania i 1890

Visesong med tekstar av Oddas eigne forfattarar

Forfattar Håvard J. Nilsen i samtale med fagforeiningskjempa Terje Kollbotn.

Solfrid Molland tek oss med på ei spennande reise gjennom europeisk folkemusikk